• Lengde

    Lengde

  • Høgde

    Høgde

  • Symjing

    Symjing

  • Fotball

    Fotball

  • Ski

    Ski

  • Terrengløp

    Terrengløp

  • Friidrett

    Friidrett

    Nye æresmedlemar i Ulvik IL – 2016


    Jørgen P. Lekve, Nils Rune Vambheim, Olav Kvåle og Asbjørn Børsheim

    Jørgen P. Lekve, Nils Rune Vambheim, Olav Kvåle og Asbjørn Børsheim


     
    På 90-årsfesten laurdag 22. oktober 2016 vart det utnemnd 4 nye æresmedlemar i Ulvik Idrottslag.
    Dei tre førstnemnde for stor dugnadsinnsats med oppbygging og vedlikehald av skianlegg gjennom lang tid. Olav Kvåle og Jørgen P. Lekve var med alt frå 1978/79 og bygde ljosløypa på Bergo – seinare var dei med og flytte løypa til Drevtjørn. Drevtjørn Ski- og Tursenter vart bygd i slutten av 80-åra og har vore rusta opp fleire gonger. Her har Nils Rune Vambheim lagt ned stor dugnadsinnsats dei siste 25 åra saman med Olav Kvåle og Jørgen P. Lekve.
    Olav Kvåle og Jørgen P. Lekve hadde og verv i langrennsutvalet i mange år. Nils Rune Vambheim var leiar i fotballgruppa i 4 år og sat i hovudstyret i Ulvik Idrottslag desse åra. Han har og vore trenar og oppmann i fotballgruppa i fleire år.
    Asbjørn Børsheim for stor innsats på det administrative plan og som instruktør/trenar dei siste 30 år. Han har hatt tillitsverv i laget samanhengande dei siste 25 år. 19 av dei 25 åra som medlem i hovudstyret – 2 år som leiar i trimgruppa, 7 år som leiar i hovudstyret og 10 år som leiar i skigruppa. Sit enno som medlem av langrennsutvalet. Som instruktør/trenar mest i langrenn, men har og hatt instruktør-/trenaroppgåver innan fotball og volleyball.
    Komiteen for utnemning av æresmedlemar var samansett av Jon Olav Heggseth (leiar), Odd Rolland og Kjartan Fjelde.  
             

    Generalsponsor

    Generalsponsor

    Hovudsponsor

    Hovudsponsor