• Lengde

    Lengde

  • Høgde

    Høgde

  • Symjing

    Symjing

  • Fotball

    Fotball

  • Ski

    Ski

  • Terrengløp

    Terrengløp

  • Friidrett

    Friidrett

    Trening og renn på Drevtjørn 2018

    Skigruppa sin aktivitet vinteren 2018:

    Familiekveld i ljosløypa kvar torsdag frå 4. jan: kl. 18.30 – 20.00

    Varm saft, kaffi og vaflar i varmestova, leik og aktivitet etter eige ynskje for liten og stor. Det vert skiskule for dei minste (5–9 år + vaksne som ynskjer grunnopplæring) frå 4. jan-15. februar på torsdagar frå 18.30-19.30. Ansvarleg: Eli Børsheim
    • Langrennstrening på Drevtjørn (startar ved snø i løypa):
    • Måndagar (klassisk)               kl. 18.30–19.45 (3. klasse og eldre) Med varm saft!
    • Torsdagar (fri teknikk)           kl. 18.00–19.30 (3. klasse og eldre)
    • Hopptrening i 15-metersbakken på Drevtjørn:
    • Torsdagar                                  kl. 19.00–20.00 (alle aldrar). Her har me ein del utstyr for utlån.
    Trenarar langrenn: Haakon Innset og Ørjan Hjeltnes Trenar hopp: Odd Rolland NB! Kontakt Ørjan eller Haakon om det er behov for skyss!
    • Terminliste lokale renn på Drevtjørn 2018 :
    • Torsdag 18. januar        Telenorkarusell (friteknikk) 
    • Torsdag 1. februar        Telenorkarusell (klassisk)
    • Torsdag 1. mars             Telenorkarusell (skicross-friteknikk)
    • Laurdag 17. mars          Langrenn, Lagsmeistarskap (friteknikk). Rennstart kl. 13.00. Her vert det premieutdeling etterpå + vafler, kaffi, saft og brus!!
    • Sundag  11. mars – Ulvikarennet i klassisk kl. 13.00 – Kretsrenn
    • NB!! Online påmelding  til karusellrenn på Ulvik IL si Facebookgruppe, seinast før kl. 17.00 på renndagen, kl. 11.00 for Lagsmeistarskap. Etterpåmelding seinast kl. 18.30 på Drevtjørn. Rennstart 18.45. (20 kr i startpengar for kvart lokalt renn/lagsmeisterskap–langrenn – gjort opp på avlutninga av skisesongen. NB! Ingen nedre eller øvre aldersgrense på lokale renn.)
    PS! Me tek med glede imot friviljuge som ynskjer å vera med som funksjonærar og hjelparar under Ulvikarennet 11.mars. Rennet gjev gode inntekter til Ulvik IL, noko som kjem alle medlemmar til gode. Gje ein lyd til Ørjan Hjeltnes eller Haakon Innset.                                    VELKOMEN   I  LØYPENE   PÅ  DREVTJØRN ! Langrennsutvalet UIL

    Generalsponsor

    Generalsponsor

    Hovudsponsor

    Hovudsponsor